LIGA runde fire oppg ein og to

Meir pappkopp!

Du gjer begge oppgavene. Innleveringsfrist er 13. november kl 23:59. 
Last gjerne filmen opp rett i facebookgruppa!
Send eventuelt lenke til youtube/facebook eller liknande til mari@canis.no

 

Oppgave ein
Repeteteteeettetiv


Sitt eller stå ein stad du har litt golvplass minst ein retning rundt deg, for eksempel i ein gang. Oppgåva kan og gjerast utandørs.
Det er sannsynligvis mest praktisk at hunden er løs, men du velger sjølv.
Legg duftgjenstanden (boks med NWduft, godbit, mynt etc) nederst i ein pappkopp. Tape den gjerne fast.

Målet her er å få hunden til å komme tilbake til deg, og repetere atferd “dytte nasen ned i pappkopp”. Snuten skal NED i pappkoppen kvar gong – men trenger ikkje lenger ned enn ca to cm om hunden tykkjer det er ubehagelig.
Bruk ein belønningslyd eller liknande kvar gong hunden gjer rett – og kast ein godbit vekk som hunden må gå etter for å få tak i. Minst 80% av belønningane må kastast meir enn to hundelengder vekk fra fører. 

Filmen skal vare i minst eitt minutt fra start av første repetisjon til slutten av siste repetisjon. 
Minimum 10 repetisjonar for godkjent.

Du trenger ikkje flytte på hånda du har koppen i om du ikkje vil.
Godkjenner og at fører kaster nokre av belønningsgodbitane bak seg/til sides dersom hunden må orientere seg vekk og tilbake.




Oppgave to

Hengt papp!

Du treng pappkoppar eller liknande lette dinglegjenstander. Alternativer er f.eks. fyrstikkøskjer, små pappøskjer eller liknande.
Du treng og hyssing, tape eller andre gjenstander for å henge opp koppane.

Du skal henge opp minst 12 pappkoppar i hyssing, slik at dei heng frå “lause lufta”. For eksempel ved å henge hyssing fra ein stol til ein annan, og henge pappkoppar fra hyssing på hyssingen. (Sjå bilde)

Bruk minst to slike “vegg til vegg” hyssingar du henger koppar frå, gjerne fleire!

Lim/tape fast duftgjenstanden din i ein pappkopp.
Tape/Lim eller knyt fast hyssing på pappkoppen og heng den opp blant dei andre.

Prøv å henge ca i nasehøgd for hunden, litt pluss minus.

Hunden kan gjerne gå løs. Maks tre minutters søksarbeid og minst mulig detaljstyring fra fører!