Oppgåve ein og to!

Hurra for runde to!

Her kjem oppgåve ein og to. Du har to veker på deg til å fullføre og sende inn film fra begge. Filmane må leverast innan 24. juli kl 23:59.

 

 

Oppgåve ein – sjarmøren!

 

Utendørs, på grus, asfalt eller kort gras.
Uten kobbel

Mål opp eit område på minst to ganger to meter. Du kan bruke eit gjerde eller vegg som kant på den eine sida om du vil. Marker gjerne hjørnene med kjegler eller liknande.

Sett ut kamera på bakken langs eine kanten av området, det er dette som skal filme søket.
Legg ut søksgjenstanden (bit kong, mynt, beholder..) ca 10-20 cm foran kamera. Sjekk at gjenstanden visar i kamera og at fokus er ca på gjenstanden.
Gjenstanden skal vere maks på størrelse med ei halv fyrstikkøskje.
Bruk motsatt side av firkanten som startlinje.

 

Det skal ikkje ligge andre gjenstander i søksområdet.

Send hunden ut i søk, og bli ståande på startlinja.

Marker funn med “bra”, “klikk” eller på annan måte bruk ein markør som betyr belønning. Det er ok å kaste ball eller liknande “på” hunden som markør. Hunden skal ikkje få ny kommando som markør (type “vise” “sitt” eller liknande). Hunden skal ikkje ha lang markering, poenget er å greie å belønne med ein gong den er på. Maks frysmarkering under eitt sekund.

Oppgåva for fører er å markere i det hunden finner – filmen skal vise at hunden søker aleine, finner, viser interesse for gjenstanden og at fører markerer med god timing på funnet.

 

Ideellt sett skal filmen vise nærbilde av snute/søking på gjenstand og sjå timing på markør frå fører.

 

Oppgåve to – Stol på hunden!

 

 

 

I denne oppgåva er målet å lage eit slags blindsøk på eiga hand. Hunden skal vise forståing av oppgåva ved å søke på gjenstandane og markere funn på riktig gjenstand. Det er ingen krav til spesiell markering. Hunden skal vere laus.
Førars oppgåve er å stole på hunden og belønne for markeringsatferd hjå hunden.

Bruk ei avis eller liknande papir som er lett å krølle eller brette saman til noko på størrelse knyttneve eller mindre.
Tape eller på annan måte fest funngjenstanden (ein q-tips, ein bit kong, bit av leike eller liknande) på ei avisside. Bruk ein så liten gjenstand at den lett lar seg gøyme inni papiret.
Krøll eller brett saman papiret slik at gjenstanden blir usynlig. Legg denne biten litt til sides.

Krøll eller brett minst 11 papirark til på samme måte. Forsøk å gjere dei så like som mogleg. God på origami? Brett båtar, svanar, froskar eller kva som helst!

Du kan tape kreasjonane dine litt sammen dersom du trur dei mister fasongen, så lenge dei ser så like ut at du ikkje ser forskjell.

Legg dei tomme bretta arka i ein pose eller bøtte du kan riste godt.

Du velger sjølv om du vil søke inne eller ute, men ha greit med golvplass.

Ha hunden din klar, belønningar klar og eit område du kan spre papiret på. Legg arket med duft på oppi posen/bøtta og rist godt. Spre innholdet ut over golvet og sett hunden i søk.

Marker og belønn når du trur hunden har funn. Sjekk papiret ETTER belønning om det var riktig.

 

Filmen skal vise :

Riste pose/bøtte
Spre innholdet utover
Starte søk
Funnatferd hos hund
Markør for funn fra fører (klikk, “bra” eller liknande)

Det er ikkje nødvendig å vise belønning eller sjekke gjenstanden for å få godkjent filmen, men nødvendig for å få opp til maks score.