Oppgave to – emballasjesøk 17. mai-spesial!

Kven skulle trudd det kunne lønne seg å ha bunad når du driv med hund? 17. Mai spesial!
Konkurransenerver hos fører kan gjere søk vanskeligare for hunden, så no skal me teste litt nerver!

 

SØKSOPPGAVE: EMBALLASJESØK

Eitt funn – eitt søk
Minst 12 stk pappemballasje av varierande størrelse – pappkasser, kartongar, cornflakes-esker, vinkartongar, fyrstikkesker… Store som hus eller små som binders – du velger
Emballasjen kan vere open eller lukka – du velger
Kan stå i pent mønster eller tilfeldig spredt utover – du velger
Innendørs eller utendørs – du velger
Kobbel av eller på – du velger

 

 

 

 

KREATIVITET! (førerforstyrrelse)

(minst) EIN av desse :
Søk foregår på ein fjelltopp (eventuell annan nasjonalromantisk setting)
Ein person i bunad står i søksområdet
Ein person dansar halling ved søksområdet – gjerne i bunad
Fører har på bunad
Fører held ei potet eller eit egg i ei skei under søket
Fører står i ein sekk
Flaggstang med flagrande flagg i vinden i bakgrunnen
Korps spiller i bakgrunnen (live)
Nasjonalsangen (eller annan nasjonalromantisk sang) står på (litt høgt) i bakgrunnen
Forstyrrelsen må stå til kva hunden taklar – fokuset skal framleis vere på at hunden får til søket og opplev mestring og trygghet, sjølv om det er rare ting på gang.
Valg av riktig forstyrrelse for hunden er viktig.
Tilrettelegg for suksess for din hund!

 

 

PREMIE I POSTEN dersom:
Fører har på bunad og synger nasjonalsangen eller eit lite stev/kved mens han/ho viftar på eit flagg eller eit glass sprudlesaft. (Det er lov å mime til musikk)
Hugs å fokusere på hunden.

 

Bunad er her definert som alle typer folkedrakt uansett nasjonalitet, inklusive vikingkostymer, russedressar eller heimesnekra kreasjoner for anledningen.

 

 

 

 

Innleveringsfrist: 29. mai kl 23:59