Oppgave tre og fire – runde tre

Me søker vidare! Innlevering 2. oktober kl 23:59! 🙂

Oppgave tre – under bordet

Målet er at hunden skal gå “under” (og inn) i ting, for eksempel bord, stolar, digre pappøskjer, under senga eller heimelaga slott av møbler og tepper. Ei slags hule. Eg beskriv eit bord i oppgåva, men det kan altså vere kva som helst. Kan vere inne eller ute – og du kan gjerne bruke bord, benkar og merkelige trappekonstruksjonar som allerede eksisterer.

Bordet skal vere så høgt at hunden ikkje må krype for å komme under, og maks ca 20 cm høgare enn skulderhøgd. Prøv å legg opp til at hunden skal gå heilt inn sin eigen kroppslengde for å komme til funnet. Du kan gøyme funnet enten under “taket”, eller på ein gjenstand som står under.
Bordet kan stå inntil veggen eller i midten av rommet. Minst ei side bør vere dekka/stengt, anten med vegg eller til dømes eit teppe som heng ned.

For hundar som tykkjer det er ubehagelig å gå inn under slike rom kan høgde og størrelse endrast for å gi mestring. Det er altså ok med høgare/mindre dersom hunden treng det. Prøv likevel å ikkje gjere det for enkelt for dei som ikkje bryr seg. 🙂

For denne oppgåva har eg faktisk ein lett kaotisk eksempelfilm. Her er tre bord dytta inn i eit hjørne, og funnet er festa på eit stolbein som er innerst.

Oppgåve fire! Koppeleik

Til denne oppgåva treng du pappkoppar, liten pappemballasje eller liknande. Du kan og bruke tomflasker, kjegler, plastkoppar om du vil men det vil bråke meir.

Søk inne eller ute. Uten kobbel.

Fest funngjenstand på eller i ein pappkopp.

Sett den opp ned på golvet (du kan lage luftehol om du vil). Sett ut fleire ganske like pappkoppar utover golvet rundt den med funn. Set dei så tett at hunden må manøvrere seg rundt koppane – med nok beinplass til at dei ikkje blir redde for å gå rundt mellom. Sikt på ca tjue koppar spredd utover golvet.

Sprelske hundar vil kanskje velte alt og må jobbe for å finne igjen den riktige. Forsiktige hundar kan ha utfordring med å føte seg og treng kanskje litt meir plass. Du må tilpasse oppgåva til din hund.

Ønsker søk som varer i minst tjue sekunder, maks tre minutt.

Inspirasjonsbilder