Oppgåve tre og fire!

Me stormar vidare med oppgåve tre og fire i denne runden!

Leveringsfrist 7. august kl 23:59!

 

 

Oppgåve tre!

 

I denne oppgåva skal du gøyme i vatn! Som kjent kan fuktighet gjere rare ting med duftbildet, og no skal hunden din få bevise at dei kan lukte ting under vatn!

 

Gjenstanden må ligge i stille vatn, for eksempel i: Ei bøtte, ei skål, i vasken, i ein sølepytt eller i havet ein rolig dag. Altså ikkje i ein foss, bekk eller anna rennande vatn.

Duftgjenstanden må ligge minst 3 cm under vannoverflata, gjerne meir. Altså fra toppen av tingen til vannflata er det minimum 3 cm. Du kan framleis bruke nosework-duft, kongbit, lærbit, leike eller godbit av valgfri størrelse.

Du bestemmer om du vil søke inne eller ute, og med eller uten kobbel.

Søksområdet bør vere på rundt 3×3 meter eller større. Gjenstanden med vatn i skal stå på golvet/bakken.
Edit: Presisering. Du må ikkje dekke heile området med bøtter med vatn i, med mindre du vil. Det held med ein – men den må i tilfelle stå “kamuflert” til dømes inntil ein stol, nederst i bokhylle, inni eit sykkelstativ etc, og ikkje aleine midt på golvet.

 

Mål: Lage ein søksutfordring for din hund, der funnet ligger minst tre cm under vatn. Din utfordring er at søket skal vere utfordrande for hunden, ikkje for lett eller for vanskelig.

Oppgåve fire!

Sommarlandet Norge!

 

Kan fort bety meir vatn. 🙂

 

I år er det norgesferie på alle mann alle. Eg vil sjå eit søk gjort på ein typisk feriedag, som viser ein måte å aktivisere hunden midt oppi teltturar, badestrender og lange bilturar.

Velg ein av desse settingane, legg ut eit søk der hunden brukar minimum 30 sekund på å finne, maks tre minutt. 
Søket må inneholde minst tre av nevnte ting, gjerne fleire, men vær gjerne kreativ med forslaga eller legg til eigne variantar. 🙂

 

 

1. Badeland
Sandstrand
Parasoll
Badeball
Bøtte og spade
Badehåndkle
Vatn i bakgrunnen (badestrand, basseng)
Solhatt

 

 

2. Typisk norsk
Regn (utandørssøk eller synlig gjennom vindu innanfrå)
Støvlar
Søledammar
Tromming av regn på vindu/tak
Ei god bok
Pledd
Håndarbeidsutstyr (strikketøy, fargelegging, spikking eller anna)
Kortstokk / Brettspill
Krocket eller anna utandørsspill

 

 

3. Fjelltopp
Fjellet er invadert i år, plusspoeng dersom det er norgesturistar i bakgrunnen.
Utsikt
Tursko
Kaffekopp
Gnagsårplaster
Ryggsekk
Sitteunderlag
Lyng eller mose