I utgangspunktet er det tenkt å følge Nosework Norge sitt regelverk for konkurranse. Konkurranseregelverket til Nosework finn du her: https://www.nosework.no/wp-content/uploads/2019/07/konkurranseregelverk.pdf
Men det blir litt variasjonar, mellom anna er formålet at fører skal finne gode utfordringar
for sin hund.
Forsøk på å oppklare korleis poeng giast følger:
- Poeng for kreativitet i søket
– Kreativt søksområde.
Til dømes: På ein fjelltopp, midt i ein bypark, “annerledesområder”. Ikkje “for lette” søk.
– Kreativt utlegg.
Til dømes: Utlegget er gøymt med tanke på duftvandring/luftstrømmar som gjer at hunden må søke og forstå korleis duftene vandrar.
Eller at utlegget er lagt på ein kreativ måte, hengt opp i friluft/lagt i ein ballong osv. - Belønningsentusiasme
– At hunden blir engasjert i belønninga.
Tanken er kun å bevise at hunden faktisk blir glad og engasjert når den får belønningen. Det spiller ingen rolle kva du belønner med. - Samarbeid
– Samarbeid mellom hund og fører.
At hund og førar ser ut til å vere på samme oppgave, at førar ikkje går i vegen for hunden og lar hunden jobbe aleine – og at hunden gir signal til førar om funn (ved kroppspråk/spesifikk markering/ser på fører eller anna). Fører skal vente på “beskjed” frå hunden før belønning.
– Samarbeid mellom treningsvenner!
Fleire kan gjerne gå sammen og gå samme søket! Då blir det forventa -litt- meir kreativitet og planlegging bak utlegg, men du kan få meir poeng for samarbeid. - Forstyrrelsar
– Planlagte og uplanlagte forstyrrelsar i søksområdet.
Til dømes: Ekstrapoeng om området blir fylt med til dømes ballongar eller kjøttkaker, eller om hunden tydelig ser ut til å vere litt forstyrra av til dømes lydar/underlag/forbipasserande/førar. Det kan altså vere ein fordel å gå LITT utanfor komfortsona, men ikkje meir enn at hunden er på mestring. - Båndføring
– Båndet skal ikkje gå i vegen for søket
– Førar skal holde i båndet heile tida
– Båndet bør ikkje subbe i bakken
– Førar styrer båndet slik at det ikkje blir ein forstyrrelse for hunden - Heilhetsinntrykk
– Hunden søker/prøver leite meir eller mindre jamnt frå start til slutt.
– Førar gir hunden tid og plass til å søke
– Førar maser ikkje på hunden / gir ikkje gjentatte søksbeskjedar / går ikkje “foran” hunden og peiker