Runde fire opg tre og fire!

Shit, vi er på slutten!

 

 

Innlevering innan 27. november kl 23:59. Lever i facebookgruppa eller send link via epost. 🙂

 

 

Oppgave tre! – Alle verdenshjørner!

 

 

Bruk fire ganske like pappkasser, pappkoppar, metallboksar eller kva som helst for oppbevaring av duftgjenstand. Putt duftgjenstand i alle. Du velger sjølv om ein pappkasse er open eller lukka, men pappkassen skal vere synlig for hunden.

Sett pappkassane ut i eit kryss, med avstand ca 2-4 meter fra midten av krysset. Her demonstrert på bilde, der avstand frå giraffen til kvar kasse bør vere 2-4 meter.

Still deg opp saman med hunden i midten av krysset, vendt mot ein av kassane.

Bli ståande i krysset medan hunden går ut, marker for funn (“bra”/klikk/etc) og la hunden komme tilbake til midten for belønning. Snu mot neste kasse og repeter. Ta alle fire hjørner i valgfri rekkefølge.

 

 

 

Du velger sjølv om du vil ha søkskommando eller frivillige søk.
Du velger sjølv om du vil ha kobbel eller ikkje.
Innendørs eller utendørs.

 

 

 

 

 

 

 

Oppgave fire! Kva er mest interessant?

 

 

 

Bruk minst fire, maksimalt opp til seks, pappkassar, koppar eller liknande.

Legg duft i den eine.

Legg ein godt brukt passe ekkel sokk eller tilsvarande forstyrrande og interessant element i ein kasse/kopp. Lukk igjen/snu opp ned. (Lag gjerne luftehull)

Sett kassane ut på rekke, med minimum 30 cm avstand. Sett kassen med sokken i som nr to, og kassen med duft som nr fire (eller fem/seks i rekka)

Start hunden minst ein meter i fra første, og hold minimum ein meters avstand til hunden fram til den finner riktig kasse. (då kan du gjere kva du vil 😉 )

Du vel sjølv om du vil ha på bånd, og om du gjer innandørs eller utandørs.
Hunden har lov til å undersøke kassen med forstyrrelse, og skal gå vidare til neste av seg sjølv! Me er altså ute etter at hunden inspiserer ny gjenstand og avskriver – før den går vidare og finner riktig.
Er hunden ikkje interessert i forstyrrelsen – finn noko meir interessant.
Er hunden FOR interessert (stoppar, stjeler sokken og stikker av?) finn noko mindre interessant.

Skriv eit 5000 ord langt essay om forskjell i atferd på kasse med sokk og kasse med duft. (neida)

 

 

 

 

Lykke til!