Runde tre – oppgåve ein og to

Hurra! Me er i gang igjen!

Tema er “hindringar”. Det eg ønsker å sjå er at hunden må jobbe rundt ting i miljøet som den opplev som litt “krøkkete”. Prøv å ikkje lage oppgåvene så lette at hunden berre “går bort til funnsted”, men ikkje så vanskelig at den tykkjer det er veldig ubehagelig eller slitsomt. Du må altså definere og tenke gjennom kva din hund tykkjer er lett/vanskelig.

Eg vil ha eitt utandørssøk, og eitt innandørssøk.

1. INNANDØRSSØK

Bruk stolar, bord eller andre litt større gjenstander som hunden ikkje hoppar lett over eller kryper under. Legg dei gjerne sidelengs på golvet med ryggen ut. Du kan gjerne bruke pappkasser, koffertar, kompostgrinder, bur og liknande. (Rommet på andre sida av “veggen” treng ikkje vere så stort, bruk gjerne eit hjørne av eit rom.)

Lag ein slags “vegg”, der startlinja di er på ei side, og funnet på den andre sida. Lag ein smal opning i “veggen” som hunden skal gå gjennom som er lengst mulig frå start/funn – slik at hunden må søke langs “veggen” og finne opninga. Dersom du bruker grinder eller andre “tynne” løysingar, så legg funnet litt lengre fra slik at hunden ikkje markerer frå feil side.

Opningen skal vere liten nok til at den ikkje er supersynlig, men ikkje så liten at det er vanskelig for din hund å komme gjennom. Lag gjerne ein tunnell eller lite hinder i opninga, men ikkje nødvendig for godkjent. 🙂

Fører står igjen på startstreken under søket. Hunden skal sjølvstendig gå frå start, finne opningen, og komme tilbake til funnsted.

2. Utandørssøk – skraphaugen

Finn eit litt skranglete utendørsområde, type byggeplass, gardsbruk, vegarbeidskrot eller liknande. (Sjekk området for glass og spiker før du tar det i bruk)

Det kan til dømes bestå av litt tomme rør (plast/betong), murstein, ei steinrøys, pallar, trestammer, plankehaug og liknande. Tenk “skrotnisse”.

Lag deg eit tenkt område på ca 15×15 meter, der minst ein sånn skrothaug er inkludert. Legg funnet godt inni, slik at hunden må klatre, gå over, inni mellom eller på anna vis orientere seg rundt eller inn i rotet.
Lag startlinja di minst 4-5 meter frå funnsted, og gjerne orientert i ein anna retning enn rett mot funnsted.
Det skal vere utfordrande for hunden, men ikkje for vanskelig. (og ikkje for lett!)
Maks tre minutt.

Eksempelbilder:

Last opp til facebook, youtube, vimeo eller kva som helst anna, og mail lenker til søk til mari@canis.no !